Kort fortalt

SSB: Økonomisk oppgang i juni

– Innhentinga er i full gang

20.08.2021

(NPK-NTB): Gjenopninga av Noreg har gitt ein forsiktig oppgang i norsk økonomi utover våren. Tal for juni viser at økonomien er tilbake på same nivå som før pandemien.

Tala for juni er på same nivå som før mars 2020, viser tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB). Dei trur norsk økonomi no er forbi botnpunktet.

Aktiviteten i norsk økonomi auka med 0,7 prosent, målt ved bruttonasjonalprodukt (BNP) for fastlandsøkonomien.

– Det er ein milepæl i den heilt uvanlege perioden norsk økonomi har vore inne i sidan mars 2020, seier seksjonssjef for Nasjonalrekneskapet, Pål Sletten, til SSBs nettsider.

Sjeføkonom Kjersti Haugland i DNB Markets trudde tala skulle vise noko sterkare vekst, men er samd med Sletten i at framgangen i andre kvartal overordna er ein milepæl for norsk økonomi.

– Det viser at endå ei innhenting er i full gang i norsk økonomi, seier ho til NRK.

(©NPK)

Publisert: 20.08.2021 09:24

Sist oppdatert: 20.08.2021 09:27

Mer om