Kort fortalt

Støre avlyser olje-stopp

Seier nei til Klimautval-framlegg.

06.11.2023

NPK-NTB: Statsminister Joans Gahr Støre (Ap) avviser at regjeringa vil lage nokon plan for utfasing av olje og gass, slik klimautvalet foreslo førre veke.

Forslaget blir avvist blankt av statsministeren, skriv E24.

– Vi kjem ikkje til å stoppe utviklinga av norsk sokkel, seier Støre til E24.

Det regjeringsoppnemnde klimatutvalet la fram rapporten sin førre veke. Det meiner det ikkje bør givast fleire løyve til leiting og utvinning av olje før det er lagt ein sluttstrategi for petroleumsverksemda.

Støre viser til analysar frå Det internasjonale energibyrået (IEA) kvar det blir sagt at det framleis trengst investeringar i noko eksisterande olje- og gassfelt. Han ser problemstillinga frå ei anna side enn klimautvalet:

– Tilnærminga vår er jo at etterspurnadssida kjem til å avslutte dette, seier Støre.

Publisert: 06.11.2023 08:24

Sist oppdatert: 06.11.2023 08:24