Kort fortalt

Støre om kabelsabotasje: – Kan true norsk tryggleik

30.12.2024

(NPK-NTB): Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) seier til VG at nordmenn må vere ekstra årvakne etter fleire tilfelle av brot på sjøkablar i Austersjøen

Den siste tida har det vore ei rekke tilfelle av brot på sjøkablar i Austersjøen. 1. juledag vart kraftkabelen Estlink 2 mellom Estland og Finland broten. Kabelen knyter det nordiske straumnettet til dei baltiske statane.

Finsk politi har funne eit fleire tital kilometer langt slepespor på havbotnen i Austersjøen. Sporet stammar frå skipet Eagle S, ifølgje Centralkriminalpolisen.

– Meldingane om kabelbrot i Austersjøen er svært alvorlege og urovekkjande. Det kan vere snakk om ei vilja handling, ei form for hybridtrussel, seier Støre til VG.

Regjeringa følgjer situasjonen tett, og Støre har vore i kontakt med dei finske og estiske kollegaene sine om saka. Regjeringa vil på nyåret leggje fram ei såkalla totalberedskapsmelding for å styrkje samspelet mellom ulike delar av samfunnet i møte med nye truslar. Meldinga skulle komme i år, men er utsett.

(©NPK)

Publisert: 30.12.2024 09:49

Sist oppdatert: 30.12.2024 09:49

Mer om