Brimer på Kvamsøya skal leverer utstyr som vernar installasjonar på havbotnen i Asia og Amerika, strukturen til eit lukka oppdrettsanlegg i sjø til ein norsk kudner og kar og tankar til ein fabrikk i Nord-Noreg som skal bearbeide marint avskjer og restråstoff.
Alle produkta sjak lagast i kompositt.
Til saman er det snakk om oppdrag for 80 millionar kroner, som er signert kontraktar på same dag. Samla sett utgjer den største ordren selskapet har hatt.
Medrekna dei tre siste kontraktan har Brimer ein ordreinngan på nesten 200 millionar kroner så langt i år.
Brimer har produksjonsanlegg på Kvamsøya og i Latvia.
I fjor var Brimer seld ut av Entec-konsernet, til det svenske investeringsfondet Accent Equity.
Brimer lagar kar og tilhøyrande utstyr til mellom anna vassanlegg og til oppdrettsnæringa. Selskapet har omlag 170 tilsette, med produksjonsanlegg i Latvia og på Kvamsøya. Omlag halvparten av dei tilsette arbeider i Noreg.
I 2023 hadde Brimer og tilhøyrande datterselskap ei samla inntekt på 261 millionar kroner.
Publisert: 14.03.2025 12:56
Sist oppdatert: 14.03.2025 13:01