Haavard haanes foto marius
NY ROLLE: Håvard Haanes blir konsernsjef i Brimer under nye eigarar. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Svensk fond kjøper Brimer

Håvard Haanes blir med på kjøpet.

29.10.2024

Den nye Brimer-eigaren er det svenske investeringsfondet Accent Equity. Selgaren er Entec Group.

Brimer lagar kar og tilhøyrande utstyr til mellom anna vassanlegg og til oppdrettsnæringa. Selskapet har omlag 170 tilsette, med produksjonsanlegg i Latvia og på Kvamsøya. Omlag halvparten av dei tilsette arbeider i Noreg. 

I fjor hadde Brimer og tilhøyrande datterselskap ei samla inntekt på 261 millionar kroner.

Vi har trua på at vi skal klare å utvikle Brimer bra framover
Håvard Haanes

Haanes blir med som konsernsjef
Konsernsjef Håvard Haanes i Entec Group skiftar jobb og blir konsernsjef i Brimer. Det var eit vilkår frå kjøparen si side, seier Haanes. 

Han er optimistisk med omsyn til utviklinga for Brimer etter oppkjøpet.

– Vi har trua på at vi skal klare å utvikle Brimer bra framover,  seier Haanes.

Entec brimer kvamsoya foto marius 11
KVAMSØYA: Ved fabrikken på Kvamsøya i Sande lagar Brimer mellom anna store kar til oppdrett og vassbehandling. Foto: Marius Rosbach

Opplyser ikkje prisen
Haanes seier samtalane med Accent Equiity starta på forsommaren i år.

Partane er samde om å ikkje opplyse kva investeringsfondet betalar for Brimer.

Selgaren, Entec Group-konsernet, omfattar i dag to selskap Brimer og vinsj- og vinsjutstyrslevrandøren Evotec. Evotec har hovudkontor og anlegg i Ulsteinvik.

Entec Group har 12 aksjonærar. Brimer Holding er største eigar, med 14,2 prosent. Største aksjonærar i Brimer Hodling er tidlegare Brimer-sjef Jarle Støylen og familiemedlemer. Jogeir Romestrand sitt selskap Rome, eig 14 prosent og investereringsfondet Midvest I eig 10,1 prosent.

Håvard Haanes eig 6,7 prosent gjennom selskapet Allis.

Ny sjef for Entec
Inntil salet av Brimer er formelt gjennomført og alle godkjenningar frå styresmaktene er på plass held Haanes fram som leiar av Entec Group. 

Partane ventar at transaksjonen er gjennomført innan 2024 er omme.

Tilsette fortel til Nett No etter salet blei kjent at dei ikkje er uroa for salet, og håpar på større gjennomslag i eksportmarknaden for Brimer etter eigarskiftet.

Publisert: 29.10.2024 09:34

Sist oppdatert: 29.10.2024 20:35

Mer om