Kort fortalt

Støtte til gratis etterutdanning

Maritim næring er blant mottakarane.

06.06.2023

NPK-NTB: Regjeringa deler ut 81 millionar kroner til fire bransjeprogram for å møte behova i arbeidslivet og leggje til rette for kompetanseheving for dei tilsette.

Bransjane som får pengar til utdanningstilbod for sine tilsette er maritim næring, industri- og byggjenæringa; avfalls- og gjenvinningsbransjen; jordbruk, skogbruk og gartnerinæringa.

– Ein av nøklane til å møte behova i eit raskt skiftande arbeidsliv, er å la tilsette få kompetansepåfyll på jobb. Vi merkar at det er stort behov for slike fleksible etter- og vidareutdanningstilbod, seier forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe (Sp).

Bransjeprogramma er eit spleiselag mellom staten og partane i arbeidslivet. Staten betalar for at vidaregåande opplæring, fagskular, høgskular, universitet og andre utdanningstilbydarar skal lage relevante utdanningar, medan bedriftene og den enkelte tilsette investerer tid.

Publisert: 06.06.2023 07:45

Sist oppdatert: 06.06.2023 07:45