Kort fortalt

Stabilt sjukefråvær

5,8 prosent sjukefråvær i fjerde kvartal.

20.03.2019
NPK-NTB: Sjukefråværet for fjerde kvartal i fjor var 5,8 prosent, viser sesongjusterte tal frå Nav. Det er same nivå som kvartalet før.
For å kunne samanlikne sjukefråværet med kvartalet før, blir det korrigert for sesongvariasjonar som kjem av mellom anna influensa og bevegelege heilagdagar.
Samanlikna med tredje kvartal i fjor var det legemelde sjukefråværet stabilt på 4,9 prosent. Det eigenmelde fråværet gjekk ned frå 0,9 til 0,8. Det totale sjukefråværet for 4. kvartal 2018 er dermed 5,8 prosent.
– Sjølv om sjukefråværet varierer litt frå kvartal til kvartal, er hovudbildet dei siste åra at sjukefråværet er stabilt, seier arbeids- og velferdsdirektør Sigrun Vågeng i ei pressemelding.
Frå og med 4. kvartal i fjor er talgrunnlaget for både for det legemelde og eigenmelde fråværet endra, sidan Statistisk sentralbyrå (SSB) og Nav ikkje lenger korrigerer avtalte dagsverk for uttak av ferie. Endringa inneber at sjukefråværsprosenten blir lågare. Alle tidsseriane er korrigert tilbake i tid.

Publisert: 20.03.2019 09:52

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:35