Kort fortalt

Stad blir ikkje Statt

Språkrådet seier nei.

30.03.2016
(NPK): Språkrådet står fast på at ein eventuell ny kommune i nordvest bør heite Stad kommune, ikkje Statt eller Stadt.
Selje-ordførar Stein Robert Osdal (KrF) har tidlegare kome med ønske om å bruke Statt som namnet på ein ny storkommune i området. Osdal viste då til at Statt er den gamle skrivemåten og at dei ønskjer eit namn som er så lik uttalen som mogleg. Men Språkrådet er tydelege på kva dei meiner om det, skriv Fjordenes Tidene.
– I Sentralt stadnamnregister hos Statens kartverk er skrivemåtar som Stadlandet og Stadhalvøya vedtekne etter reglane i stadnamnlova. Likeins er Stad namnet på eit nes i Selje kommune. Vi vil derfor klart anbefale å bruke skrivemåten «Stad», skriv seksjonssjef Daniel Gusfre Ims i Språkrådet i ein e-post til Vågsøy-ordførar Kristin Maurstad (Ap), referert av avisa. (©NPK)

Publisert: 30.03.2016 11:41

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:47