Kort fortalt

Stad kommune kan bli skatteparadis

Vil lære av Bø kommune.

NPK
23.12.2021

Stad kommune skal greie ut om dei skal halvere formuesskatten, eit tiltak som vil gjere at dei nesten kan måle seg med skatteparadiset Bø i Vesterålen.

Frå før av har om lag 15 kommunar flørta med ideen. Blant dei er Strand, Asker, Tvedestrand og Færder, ifølgje NRK Vestland.

– Stad er ei attraktiv kommune å bu i, og med låg formuesskatt vil ein òg kunne tiltrekkje seg norske bedriftseigarar og samstundes få store ekstrainntekter til kommunen, skriv Hogne Bleie, Frps kommunestyrerepresentant, i ei pressemelding.

Kommunen har vedteke å greie ut ei halvering av dagens nivå av formuesskatten på 0,7 prosent. Regjeringa er i ferd med å auke formuesskatten frå 0,85 til 1,1 prosent for landets rikaste.

Ifølgje varaordførar i Stad, Siri Sandvik (Ap), er dette ein dårleg idé.

– Det er ikkje rett at kommunane skal byrje å «fallby» kvarandre for å tiltrekkje seg milliardærar, seier ho.

Forslaget skal bli behandla i kommunestyret i juni.

Publisert: 23.12.2021 12:09

Sist oppdatert: 23.12.2021 12:10

Mer om