STADT Singa opening ceremony
SINGAPORE: Frå opningsseremonien til Stadt i Singapore. Foto: Stadt
Kort fortalt

Stadt opnar Singaporekontor

Markert ved ambassaden.

Marius Rosbach
22.03.2022

Gjerdsvika-selskapet Stadt har opna kontor i Singapore. Opninga blei markert med ein seremoni ved den nye tech-lab-en Innovasjon Norge har etablert ved den norske ambassaden.

Den norske ambassadøren til Singapore, Eivind S. Homme, var æresgjest og haldt ein velkomsttale for dei frammmøtte, melder selskapet på si heimeside.

Stadt-direktør Hallvard Slettevoll opplyser at Singapore har lenge vore ein svært viktig marknad for selskapet.

Etter opninga, vart det arrangert eit seminar om elektrisk framdriftsteknologi, der 20 inviterte gjestar fekk presentert siste nytt om Stadt Lean Propulsion.

Publisert: 22.03.2022 16:12

Sist oppdatert: 22.03.2022 16:55

Mer om