Årsstatistikken for 2021 viser at trenden frå dei siste åra held fram: Talet på sivile saker fell vidare, melder Rett24.
I 2016 kom det inn totalt 16.348 tvistesaker til domstolane i landet. I fjor var talet 12.309.
Direktør for Domstoladministrasjonen Sven Marius Urke meiner utviklinga er urovekkjande. Han trur pris og tidsbruk speler ei stor rolle.
– Dersom nedgangen i sivile saker inn til domstolane kjem av færre konfliktar i samfunnet, ville det vere positivt. Sannsynlegvis er det ikkje slik. Hovudårsaka er nok at domstolane er ein kostbar måte å løyse konfliktar på. Og sjølv om domstolane i Noreg er svært effektive, kan domstolsbehandling ta for lang tid for mange som står midt i ein konflikt, seier Urke.
Han håpar det blir moglegheit for auka spesialisering og meir mekling i domstolane framover.
Publisert: 23.02.2022 10:18
Sist oppdatert: 23.02.2022 10:19