Stansar Kina-samarbeid
Stipendprogram med statlege bindingar
NPK-NTB: Rektor Margareth Hagen ved Universitetet i Bergen (UiB) avsluttar samarbeidet med det kinesiske stipendprogrammet Chinese Scholarship Council (CSC).
Norske universitet har i fleire år teke imot ei rekkje kinesiske forskarar og studentar gjennom stipendprogrammet.
– Med dei bindingane som ligg i avtalen, er det ikkje ønskjeleg å føre vidare samarbeidet i denne ordninga, seier rektoren til Khrono.
Måndag vart innhaldet i kontraktane til studentane kjent. Her står det mellom anna at dei ikkje skal delta i «aktivitetar» som «skadar nasjonale interesser».
Universitetet i Bergen (UiB) har opplyst at dei har hatt elleve ph.d.-stipendiatar med finansiering frå CSC. Seks av desse har fullført, medan fem framleis er i ph.d.-løpet. I tillegg kom det fem kinesiske studentar til UiB med opptak våren 2020, med stipend frå Chinese Scholarship Council.
Norske universitet har i fleire år teke imot ei rekkje kinesiske forskarar og studentar gjennom stipendprogrammet. Nettavisen skriv at det også er tre studentar på Universitetet i Oslo (UiO) og éin student på Høgskolen i Vestlandet som per i dag er finansiert av CSC.
Publisert: 15.02.2023 08:04
Sist oppdatert: 15.02.2023 08:07