Kort fortalt

Startar arbeidet med Otterdalsvegen

Skal gjenopnast etter omfattande ras.

06.01.2022

Etter nye inspeksjonar av fjellsida med helikopter og drone har Møre og Romsdal fylkeskommune beslutta at arbeidet med opninga av Otterdalsvegen i Volda kommune kan starte fredag morgon.

Arbeidet vil truleg ta nokre dagar og vêrforholda må ligge til rette for at det kan gjennomførast forsvarleg for entreprenøren sitt mannskap.

- Vi treng dagslys og gode siktforhald for skredvaktene og at det ikkje er nedbør eller stor snøsmelting som aukar skredfaren. Vêrprognosane i helga er gode, men om nedbøren som er varsla måndag kjem tidlegare enn meldt eller at arbeidet blir så omfattande at vi ikkje er ferdige til vêromslaget, blir vegen halde stengt til vi er heilt ferdige, seier byggeleiar Kåre Berge, i ei pressemelding.

Otterdalsvegen er den mest skredutsette vegen i Møre og Romsdal. Fylkeskommunen og entreprenøren på strekningen vurderer skredfaren dagleg. Ved stor skredfare, blir vegen stengt.

Møre og Romsdal fylkeskommune varslar innbyggarane i Otterdal automatisk om stengt veg på SMS.

Publisert: 06.01.2022 16:03

Sist oppdatert: 06.01.2022 16:05

Mer om