Kort fortalt

Staten med aksjetap på over 900 mrd.

SSB-tal for første halvår.

08.09.2022
(NPK-NTB): I første halvår av 2022 tapte statsforvaltninga 919 milliardar kroner på aksjar.

Tapsbeløpet inkluderer betydelege valutagevinstar, slik at kurstapet på aksjar i realiteten var endå høgare, skriv Statistisk sentralbyrå (SSB).

Det vart netto investert for 159 milliardar kroner i aksjar i perioden. Behaldninga gjekk dermed ned frå 10.153 til 9.393 milliardar kroner.

Mesteparten av aksjeporteføljen til statsforvaltninga er investert i utlandet via Statens pensjonsfond utland.

Aksjeporteføljen til staten består også av ein betydeleg innanlandsk portefølje som blir forvalta av Nærings- og fiskeridepartementet og Folketrygdfondet. Denne har i motsetning til utanlandsporteføljen hatt ein gevinst på 199 milliardar kroner. I første kvartal var det ein gevinst på 223 milliardar kroner, medan andre kvartal gav eit tap på 25 milliardar kroner.

Porteføljen er dominert av Equinor-aksjar, som har utvikla seg betre enn mange andre aksjar grunna dei høge gass- og oljeprisane.

(©NPK)

Publisert: 08.09.2022 09:25

Sist oppdatert: 08.09.2022 09:26

Mer om