Kort fortalt

Statleg råd kritisk til lakseskatt

Grunnrente-utgreiing får kritikk.

03.01.2023

(NPK-NTB): Regelrådet kritiserer utgreiinga om grunnrenteskatt på havbruk. Mellom anna meiner rådet det er uheldig med høyringsfrist etter at ordninga har tredd i kraft.

Skatten tredde i kraft 1. januar, medan høyringsfristen er fire dagar seinare, den 4. januar. Statens eige Regelråd meiner det er uheldig.

- Sjølv om skattlegging av havbruk har blitt greidd ut tidlegare, og synspunkt frå næringa og andre berørte er kjent frå tidlegare høyringsrundar, meiner Regelrådet at dette er ein uheldig bruk av høyringsinstituttet, heiter det i høyringssvaret deira, først omtalt av IntraFish.

Høyringssvaret kom like før jul. Der går det fram at rådet meiner utgreiinga har fleire svakheiter, mellom anna gjeld det bruken av normpris.

- I situasjonar der normprisen avvik frå reelle inntekter, vil ikkje skatten nødvendigvis virke nøytralt på investeringsvedtaka. Dette er i liten grad problematisert i høyringsnotatet, skriv dei.

Vidare manglar det ifølgje rådet ei utgreiing av korleis auka produksjonsavgift kjem til å verke. Det same gjeld ein ny naturressursskatt, særleg for mindre havbruksselskap.

Finansdepartementet vil ikkje kommentere høyringssvar før fristen – som altså er onsdag 4. januar.

(©NPK)

Publisert: 03.01.2023 14:10

Sist oppdatert: 03.01.2023 14:11

Mer om