Herøy kommune vart måndag varsla av Statsforvaltaren i Møre og Romsdal om at kommunen blir innstilt til å takast inn i Robek-registeret, ifølgje Vestlandsnytt.
Årsaka er svak økonomi og ei oppføring i registeret betyr at kommunen får redusert handlingsrom og mellom anna treng godkjenning frå staten for å ta opp nye lån.
Herøy hadde eit meirforbruk på nær 29 millionar i 2023 og 2024, som må dekkast inn før det er aktuelt å kome ut av registeret, skriv avisa.
Publisert: 22.09.2025 18:26
Sist oppdatert: 26.09.2025 08:45





