
Statsrådar besøker Trollstigen
Fylkesordførar trur det kjem pengar til den populære turistvegen.
samferdselsminister Jon-Ivar Nygård (Ap) og kommunalminister Erling Sande (Sp) kjem måndag på besøk til Trollstigen, ifølgje NRK Møre og Romsdal.
Statsrådene kjem klokka 14.30 og det er ikkje opplyst kvifor dei kjem.
Fylkesordførar Anders Riise ventar at det kjem pengar til rassiking av den populære turistvegen.
– Eg håpar og trur at det skal kome gode pengar som trengs for å starte rassikring umiddelbart, seier han til kanalen.
Trollstigen er stengt for sesongen og er ikkje planlagt i år. Det har ført til inntektssvikt og permitterte tilsette i reiselivet. Det skal vere behov for kring 50 millionar kroner for å rassikre vegen slik at den kan opne att.
Publisert: 01.07.2024 11:46
Sist oppdatert: 01.07.2024 11:46