Stenger farlege arbeidsplassar
Over 570 farlege arbeidsplassar stengt av Arbeidstilsynet.
Til no i år har arbeid ved 577 byggjeplassar vorte stansa fordi tryggleiken ikkje var god nok.
Manglande rekkverk, bruk av dårleg utstyr og usikra stigar er feil som går igjen, skriv NRK. Men også graving og grunnarbeid utgjer ein fare.
– Det er jo potensielt dødeleg. Det er fleire som døyr i grøftar som rasar saman og blir gravlagde, seier avdelingsdirektør Stein Magnar Løvå i avdeling for tilsyn i Arbeidstilsynet til kanalen.
I fjor vart det vedteke stans frå Arbeidstilsynet ved 758 verksemder i byggjebransjen. Så langt i år har talet komme opp i 577.
Dei fleste pålegga om å stanse arbeidet blir gitt i Viken. I fjor stansa Arbeidstilsynet arbeid 116 gonger i fylket, mot 131 i år.
Publisert: 12.11.2021 08:35
Sist oppdatert: 12.11.2021 08:36