Stengt løp under Måløybrua
Skal bygge skipsbarriere.
NPK: Måndag 12. juni stengjer Statens vegvesen det vestre seglingsløpet under Måløybrua i Kinn kommune i Nordfjord. Årsaka er bygging av skipsbarriere.
Barrieren skal hindre at skip køyrer på den midtre brupilaren, opplyser Statens vegvesen i ei pressemelding.
Tidlegare i år og i fjor har det vestre løpet vore stengt for fundamentering til same prosjektet.
– Det er tryggleiksomsyn som gjer at vi må stengje vestre løpet for all sjøtrafikk i perioden 12. juni til 31. august, seier byggjeleiar Pål-Anders Rindal i Statens vegvesen.
Farleia vert stengt med bøyer nord og sør for det vestre seglingsløpet. Det skal også vere vakthald døgnet rundt.
I samband med stenginga må Statens vegvesen stengje gangfelta oppe på brua i kortare periodar 12. juni, 22. juni og 31. august.
Publisert: 07.06.2023 12:25
Sist oppdatert: 07.06.2023 12:25