Kort fortalt

Sterk Ap-framgang på TV 2-måling

Høgre framleis største parti.

06.02.2024

(NPK-NTB): Ap går fram 2,8 prosentpoeng og får 22 prosent på meiningsmåling for TV 2 i februar. Høgre er det største partiet i landet med 27,6 prosents oppslutning.

Det er Ap som har størst framgang, melder TV 2. Aps regjeringspartnar Sp får 6,6 prosent, noko som er 0,3 prosentpoengs tilbakegang.

På målinga går SV mest tilbake og landar på 8,7 prosent, ned 2 prosentpoeng.

Høgre er framleis det største partiet i landet og får 27,6 prosent, noko som er ein framgang på 0,3 prosentpoeng.

For dei andre partia ser målinga slik ut (endring i parentes): Raudt 5,8 (+1), MDG 3,1 (+0,2), Venstre 6,1 (-1), KrF 4 (+0,5), Frp 11,6 (+0,2), INP 2,7 (-1,8) og andre 1,8 (+0,2).

I målinga er 997 personar er intervjua i perioden 29. januar til 3. februar. Feilmarginen er mellom 1,4 og 2,8 prosentpoeng.

(©NPK)

Publisert: 06.02.2024 08:35

Sist oppdatert: 06.02.2024 08:35

Mer om