Erna Solberg hos Ekornes foto Ogne
STERK KRITIKK: Kontroll- og konstitusjonskomité meiner Erna Solberg (bilet, til høgre) ikkje har overhalde undersøkingsplikta si i tilstrekkleg overfor aksjehandelen til ektemannen då ho var statsminister. Foto: Ogne Øyehaug
Kort fortalt

Sterk kritikk av Erna Solberg

Samrøystes kontrollkomite bak kritikken.

28.02.2024

NPK-NTB: Ein samla kontroll- og konstitusjonskomité fremjar sterk kritikk av Høgre-leiar Erna Solberg for brot på habilitetsregelverket då ho var statsminister.

Tidlegare utanriksminister Anniken Huitfeldt (Ap) får kritikk for brot på habilitetsregelverket. Begge har ektefellar som handla aksjar, medan Solberg og Huitfeldt sat i regjering.

– Fleirtalet meiner at Solberg i utilstrekkeleg grad har overhalde undersøkingsplikta si overfor aksjehandelen til ektemannen, og ein samla komité meiner at Stortinget bør vedta at det er sterkt kritikkverdig at Erna Solberg i si tid som statsminister var inhabil i fleire saker behandla av regjeringa hennar, sa saksordførar Grunde Almeland då han la fram konklusjonane til komiteen onsdag.

Solbergs sak skil seg klart ut blant dei mange habilitetssakene, meiner Frode Jacobsen, som er Arbeidarpartiets fraksjonsleiar i kontroll- og konstitusjonskomiteen.

– Den dreier seg om svært omfattande brot på habilitetsregelverket gjennom ein periode på åtte år, der ho var statsminister og den øvste ansvarlege for regjeringa og landet. Det gjer den spesielt alvorleg, og derfor fremjar vi også sterk kritikk av Erna Solberg i innstillinga, seier han.

Publisert: 28.02.2024 12:57

Sist oppdatert: 28.02.2024 12:57