Kort fortalt

Sterk vekestart på Oslo Børs

Equinor og Norwegian mellom vinnarane.

02.08.2021

(NPK-NTB): Hovudindeksen på Oslo Børs steig med 0,75 prosent til 1.142,8 poeng måndag. Equinor og Norwegian var blant aksjane som steig på første handelsdag i august.

Etter at førre børsveke enda med fall, låg hovudindeksen i pluss heile måndag. På det høgaste låg indeksen på 1.143,9 poeng.

Norwegian kunne gle seg over ein oppgang på 5,4 prosent. Equinor, som vart den mest omsette aksjen måndag, steig med 2,4 prosent.

Dagens vinnar vart River Tech, som auka med 13,1 prosent. I andre enden av skalaen enda Zenith Energy ned 7,1 prosent.

August og september har statistisk sett ein tendens til å vere svake børsmånader, ifølgje Dagens Næringsliv.

Nedgang vart det derimot for oljeprisen. Klokka 16.30 vart eit fat nordsjøolje omsett for 74,11 dollar, noko som er ein nedgang på 0,75 prosent frå klokka 9.

(©NPK)

Publisert: 02.08.2021 18:23

Sist oppdatert: 02.08.2021 18:25

Mer om