Kort fortalt

Sterkare tal frå Equinor

29.04.2021

(NPK-NTB): Equinors justerte resultat vart på 5,5 milliardar dollar i første kvartal i 2021. I same kvartal i fjor fekk selskapet eit resultat på 2,1 milliardar dollar.

Resultata kjem som følgje av prisoppgang, framleis kostnadsforbetringar og streng kapitaldisiplin, opplyser selskapet i en melding.

Dette er Equinors første heile kvartal med Anders Opedal som konsernsjef, skriv E24. Han tok over jobben frå Eldar Sætre 2. november i fjor.

Sjå presentasjon av tala i webinar kl. 9 (ekstern lenke)

(©NPK)

Publisert: 29.04.2021 08:10

Sist oppdatert: 29.04.2021 08:17

Mer om