Bustadar Ålesund illustrasjonsfoto Ogne
Illustrasjonsfoto: Ogne Øyehaug
Kort fortalt

Sterke desembertal for bustadprisane

Møre og Romsdal med prisvekst over landssnittet i 2024.

06.01.2025

(NPK-NTB-NETT.NO): Bustadprisane steig med 0,1 prosent i desember 2024. Korrigert for sesongvariasjonar steig bustadprisane med 1 prosent.

– Bustadprisane steig med 0,1 prosent i desember, noko som gav ein sterk sesongjustert oppgang på 1 prosent. Vi må tilbake til 2016 for å finne ei like sterk utvikling i ein desember-månad. Totalt sett gir dette ein sterkare oppgang gjennom året enn det dei fleste såg for seg ved inngangen til 2024, også vi, som hadde ein prognose på 4 prosent, seier administrerande direktør Henning Lauridsen i Eiendom Norge.

I 2024 steig bustadprisane i Noreg med 6,4 prosent.

– Isolert sett kan dette verke som mykje, men målt mot konsumprisindeksen er dette framleis moderat etter fleire år med nedgang i realbustadprisane, seier han.

I Møre og Romsdal steig prisane med 8,3 prosent i Ålesund og omegn vart auken på 7,1 prosent i heile 2024, ifølgje tal Finansavisen presenterer måndag. 

– Bustadkrisa vil dessverre auke
For 2025 trur Eiendom Norge på ein oppgang på heile 10 prosent i landet samla sett og 12 prosent i Oslo.

Blant dei viktigaste årsakene er historisk få nye bustader.

– Bustadkrisa, som vi lenge har varsla på grunn av svikten i salet av nye bustader, kjem no, seier Lauridsen.

Lågare rente, reallønnsvekst og lettar i utlånsforskrifta vil også bidra til å drive opp prisane, men truleg i liten grad, meiner Lauridsen.

– Bustadkrisa vil dessverre auke i styrke gjennom 2025, og Finansdepartementet og Noregs Bank og SSB undervurderte lenge kor stort fallet i bustadinvesteringane både har vore og truleg også kjem til å bli i 2025, seier han.

Høgt volum i 2024
Det er selt fleire brukte bustader i 2024 enn i 2022 og 2023, noko Lauridsen meiner har samanheng med det låge salet av nye bustader gjennom lengre tid.

Gjennomsnittsprisen for ein bustad i Noreg var 4.245.124 kroner ved utgangen av desember.

Det vart selt 3.755 bustader, noko som er 23,3 prosent fleire enn i tilsvarande månad i 2023. Totalt for året vart det selt 99.295 bustader, som er 8,8 prosent fleire enn i 2023.

107.283 bustader vart lagt ut for sal i 2024, som er 3,1 prosent fleire enn året før.

– Voluma er på eit svært høgt nivå i marknaden for brukte bustader, og vi må tilbake til pandemi-året 2021 for å finne tilsvarande. Det er rekord i mengda lagt ut i 2024 og litt etter rekordåret 2021 i talet på selde bustader. Det vitnar om ein sterk og stabil marknad for brukte bustader, seier Lauridsen.

Publisert: 06.01.2025 12:11

Sist oppdatert: 06.01.2025 12:41

Mer om