Kort fortalt

Sterkt frå Equinor

Aukar utbytet.

27.07.2022

Equinor fekk eit justert driftsresultat på 17,6 milliardar dollar, tilsvarande vel 170 milliardar kroner, i andre kvartal. Selskapet aukar no utbyttet.

Resultatet ligg opp mot kva det var i første kvartal i år, då selskapet hadde rekordhøge 18 milliardar dollar i justert driftsresultat.

– Equinor held fram med å levere høg gassproduksjon frå norsk sokkel, inkludert volum frå Hammerfest LNG, som no er trygt tilbake i produksjon. Solid drift saman med høge prisar gav sterke finansielle resultat med eit justert driftsresultat på meir enn 17 milliardar dollar før skatt, seier konsernsjef Anders Opedal i ein kommentar til kvartalstala.

Equinor kjem til å utbetale eit kontantutbytte på 70 cent per aksje i andre og tredje kvartal – fordelt på 20 cent i ordinært utbytte og 50 cent i ekstraordinært utbytte. Den ekstraordinære delen er auka frå 20 cent.

Publisert: 27.07.2022 08:16

Sist oppdatert: 27.07.2022 08:17

Mer om