Kort fortalt

Stive prisar i feriefavorittane

Prisane har den siste tida auka betydeleg i fleire av feriefavorittane våre.

08.07.2022

Spania og Hellas har mellom anna dei høgaste landa har opplevd på rundt 30 år.

Ferske tal frå spanias nasjonale statistikkbyrå, INE, viser ein auka konsumprisindeks på 10,2 prosent siste år – den høgaste sidan 1985, skriv Flysmart24.

Dersom ein skal på ferie til dei norske feriefavorittane i Sør-Europa, bør ein sørgje for å ha god dekning på kredittkortet, skriv nettstaden.

I Hellas kom inflasjonen opp i 11,3 prosent i mai, og steig til 12 prosent i juni. Det er den høgaste på nesten 30 år. Også i Kroatia er prisveksten langt over det vi opplever heime, med 10,8 prosent i mai, samanlikna med same tidspunkt i fjor. Også i Tyrkia er prisauken høg.

Som i Noreg er det etterverknadene av pandemien og krigen i Ukraina som ligg bak prisaukane.

Publisert: 08.07.2022 10:38

Sist oppdatert: 08.07.2022 10:39

Mer om