Kort fortalt

Stolar ikkje på andre båtførarar

Ein av tre er skeptiske.

28.07.2022

Tal frå ei ny undersøking Norstat har gjort for forsikringsselskapet Frende viser at 34 prosent ikkje er trygge på førarevnene til andre dei møter på sjøen.

– Talet er overraskande høgt. Eg håpar ikkje det speglar førarevnene til nordmenn på sjøen, seier fagsjef på motor i Frende Forsikring, Edmond Wold Gaulen i ei pressemelding.

Han meiner det ofte er dei få som øydelegg for dei mange.

– Vi hugsar gjerne dei som køyrer for fort, som tek sjansar eller som ikkje tek omsyn til andre best. Det bidreg til at folk blir meir skeptiske til andre på sjøen generelt.

Pål Virik Nilsen i Redningsselskapet seier tala kan vere påverka av at det er mange som har kjøpt sin første båt dei siste åra.

– Det er mange nye båtfolk som har kjøpt sin første båt dei siste åra. Dei gløymer det grunnleggjande, nemleg å skaffe seg litt kunnskap. Båt er spesielt, det er ikkje som å ferdast i trafikken med bil, seier Pål Virik Nilsen i Redningsselskapet.

Publisert: 28.07.2022 09:55

Sist oppdatert: 28.07.2022 10:14