Sula vekst foto Sula Vekst
VANN PRIS: Tilsette i Sula Vekst viser fram noko av det dei lagar. Bilde er teke ved eit tidlegare høve. Foto: Sula Vekst
Kort fortalt

– Stolte, takknemlege og audmjuke

Arbeids- og inkluderingsbedrifta kåra til Årets Bedrift.

Marius Rosbach
18.03.2026

Sula Vekst er kåra til Årets bedrift 2025 i Møre og Romsdal av politikarane i fylkeskommunen. 

Verksemda blir heidra for å kombinere høg kvalitet og profesjonell drift med eit tydeleg inkluderingsoppdrag, ifølgje ei melding frå Møre og Romsdal fylkeskommune.

– Vi er stolte, takknemlege og audmjuke for å få prisen. Vi er ein hjørnesteinsbedrift i Sula kommune og har medarbeidarar som står på kvar dag med sine utfordringar, som kanskje mange andre ikkje står i. At dei er ein del av arbeidslivet og næringslivet, er berre imponerande, uttaler dagleg leiar Øyvind Vebenstad i Sula. 

Han vil dele prisen med alle arbeids- og inkluderingsbedrifter. 

Sula Vekst har om lag 31 arbeidsplassar i varig tilrettelagt arbeid (VTA) i tillegg til ordinært tilsette. 

Bedrifta driv innan vaskeri, sy og segl, miljø- og brenseltenester i tillegg til maritim produksjon. Fleire produkt blir eksporterte til over 60 land. 

Det er Kompetanse- og næringsutvalet som avgjer kven som får prisen som blir delt ut på fylkestinget 21. april.

Publisert: 18.03.2026 10:25

Sist oppdatert: 18.03.2026 10:25

Mer om