NTB 6 Sw NG Ip GI Tw 1
ÅTTE NYE: Åtte nye statsrådar, mellom dei tidlegare statsminister Jens Stoltenberg, er på plass i den første reine AP-regjeringa på 25 år. Foto: Rodrigo Freitas / NTB / NPK
Kort fortalt

Stoltenberg-retur i regjering

Jens Stoltenberg er ny finansminister.

04.02.2025

NPK-NTB: Her er den nye Støre-regjeringa.

Onsdag formiddag kom statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) ut på Slottsplassen i Oslo saman med det nye regjeringslaget sitt.

Den nye regjeringa vart utnemnd av kong Harald i eit ekstraordinært statsråd like før.

Åtte nye statsrådar går inn i den nye mindretalsregjeringa frå Arbeidarpartiet for å erstatte Senterparti-statsrådane som går ut.

* Tidlegare statsminister, finansminister og generalsekretær i Nato, Jens Stoltenberg (65), blir finansminister.

* Tidlegare fylkesordførar i Trøndelag, Tore O. Sandvik (55), blir forsvarsminister. Han var i fjor haust vikar for klima- og miljøministeren.

* Dommar og tidlegare statssekretær i Justisdepartementet, Astri Aas-Hansen (54), blir ny justisminister

* Avtroppande partisekretær i Arbeidarpartiet, Kjersti Stenseng (50), blir ny kommunalminister.

* Stortingsrepresentant Nils Kristen Sandtrøen (36), blir ny landbruks- og matminister.

* Stortingsrepresentant Lene Vågslid (38) blir ny barne- og familieminister.

* Tidlegare leiar i miljøstiftinga Zero, Sigrun Gjerløw Aasland (46), blir ny forskings- og høgare utdanningsminister. Ho var fram til utnemninga statssekretær i Klima- og miljødepartementet.

* Stortingsrepresentant Åsmund Aukrust (39) blir ny utviklingsminister.

Resten av regjeringsmedlemmene frå Arbeidarpartiet held fram i sine posisjonar, blant dei dei to nestleiarane Jan Christian Vestre som helse- og omsorgsminister og Tonje Brenna som arbeids- og inkluderingsminister.

Dei nye statsrådane tek over kontora frå dei avtroppande Senterparti-statsrådane i nøkkeloverrekkingar seinare onsdag.

(©NPK)

Publisert: 04.02.2025 10:21

Sist oppdatert: 04.02.2025 10:57