Kort fortalt

Stopp for cruisebooking til verdsarven

Ingen skip har varsla anløp i 2026.

NPK
24.06.2022

(NPK): Dei nye utsleppsreglane for verdsarvområda, som etter planen skal innførast i 2026, har ført til at ingen cruiseskip hittil har meldt anløp i Flåm eller Geiranger.

– Tilbakemeldinga frå reiarlaga er klar. Så lenge det er ein uavklara situasjon, kan dei ikkje spekulere i å legge skip hit, seier Tor Mikkel Tokvam, hamnesjef i Aurland hamnevesen, til NRK.

Bestillinga har vore open eit halvt år, men det er ingen skip på lista korkje i Flåm eller Geiranger.

– Det finst ikkje store nullutsleppsskip i cruisereiarflåten før tidlegast i 2030. Dei har ikkje teknologi som tilfredsstiller vedtaket om nullutslepp, seier Rita Berstad Maraak, hamnesjef i Stranda hamnevesen.

Begge hamnesjefane fryktar for turistnæringa i kommunen, og meiner nullutsleppsvedtaket vil få store konsekvensar.

I fjor sa Stortinget nei til å utsette kravet til 2030, og Sjøfartsdirektoratet greier no ut økonomiske og administrative konsekvensar av kravet. Dei skal også foreslå tiltak for at verdsarvfjordane framleis kan ta imot cruiseanløp.

(©NPK)

Publisert: 24.06.2022 10:15

Sist oppdatert: 24.06.2022 10:17

Mer om