Kort fortalt

Stoppar sjømatrute til Rotterdam

Slutt etter eitt år pilotdrift.

26.10.2021

(NPK): Etter eitt år med pilotdrift på sjømatruta mellom Midt-Noreg og Rotterdam i Nederland, må Smyril Line Cargo setje seglingane på vent.

Administrerande direktør Halgir Dahl Olesen i Smyril Line Cargo beklagar avgjerda, ikkje minst fordi fraktebåten «Akranes» sidan august i fjor har bevist at sjøtransport kan konkurrere med landevegstransport. Han seier det er summen av fleire faktorar som ligg bak avgjerda.

– Vi er glade for at Kystverket innvilga støtte til ruta. Men når vi ikkje utløyser støtta fordi vi ikkje har EØS-flagg på båten, er vi komme til eit punkt der vi må vurdere om vi skal fortsetje investeringane som dessverre ikkje har bore frukter enno, seier Dahl Olesen i ein pressemelding omtalt i nettavisa iLaks.no.

Smyril Line Cargo har samarbeidd med nokre store vareeigarar som ville flytte volum bort frå vegnettet i Noreg. Reiarlaget etablerte piloten med sterk tru på at fleire vareeigarar ville bruke båtruta.

Halgir Dahl Olesen vedgår at det har tatt lengre tid enn forventa å få varestraumane flytta frå landeveg til sjø i tilstrekkeleg volum til å gi ruta ein akseptabel økonomi.

(©NPK)

Publisert: 26.10.2021 12:01

Sist oppdatert: 26.10.2021 12:02

Mer om