Bestillingar av reiser til utlandet har den siste veka hatt eit stor oppsving.
– Vi ser ei stor endring frå og med september fram til april neste år. Det er stadig fleire som bestiller reiser til utlandet i den perioden. Spania er desidert størst, følgd av mellom anna Tyrkia og USA, seier kommersielle direktør Terje Berge i Finn Reise til NRK.
Den siste veka har talet på flybestillingar auka med 25 prosent frå førre veke, og delen bestillingar til Noreg har gått ned frå 90 til 40 prosent.
– Utanlandsbiten fyk opp til over halvparten. I april til neste år er det så langt ingen bestillingar i Noreg. Alt er i utlandet. Viss reiseråda blir endra, trur vi det kan bli ein ketchupeffekt, seier Berge.
Publisert: 31.05.2021 11:38
Sist oppdatert: 31.05.2021 11:39