Kort fortalt

Stor auke i inkassosaker

Noreg har størst auke i Norden.

07.03.2019
NPK-NTB: Talet på inkassosaker i nordiske hushald auka med 6 prosent frå 2016 til slutten av 2018. Det var størst auke i Noreg, heile 30 prosent.
Det viser eit tal frå dei fire store nordiske landa, ifølgje ein Intrum-analyse omtalt i Finansavisen.
Skilnaden landa imellom er stor. Mens Noreg drar opp snittet, med ein inkassoauke på nær 30 prosent, er oppgangen i Sverige på rundt 15 prosent i perioden frå 1. kvartal 2016 til fjerde kvartal 2018.
I Finland har utviklinga vore flat heile vegen, medan Danmark har hatt ein nedgang i talet på inkassosaker i hushalda på 30 prosent.
– I Noreg steig gjennomsnittleg uteståande beløp frå 10.000 kroner i 2014 til 17.000 kroner i 2017, seier Anette Willumsen, direktør for Nord-Europa i Intrum, Lindorffs morselskap.
I heile Norden er det aldersgruppa over 60 som har størst auke i talet på inkassosaker. Der er det dobbelt så sterk auke som for andre grupper, ifølgje Willumsen. Ho påpeikar at betalingsmerknadene blant eldre aukar, medan betalingshistorikken til dei yngre har vorte betre.
Tradisjonelt har det vore lettare for eldre enn yngre å få lån.
– Utlånsmodellar har ein tendens til å lønne alder. Det er kanskje på tide å revurdere dei modellane, seier Willumsen.

Publisert: 07.03.2019 08:21

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:35