Kort fortalt

Stor auke i netthandel

Auke på kring ein firedel i fjor.

28.02.2022
(NPK-NTB): Nordmenn handla på nettet med norske internasjonale betalingskort for 231 milliardar kroner i 2021.

Det er ein auke på 26 prosent frå 2020, medan bruken av desse korta i fysiske butikkar og kontantuttak har falle.

Oversikta omfattar Vipps-betalingar.

Nordmenn handlar framleis mest på norske nettstader – i 4. kvartal vart det registrert bruk av norske kort for 37,5 milliardar kroner på norske nettstader, mot 27,5 milliardar på utanlandske nettstader.

Bruken av norske kort til å kjøpe tenester som reiser og konsertar auka i 3. kvartal, då ei rekkje av koronarestriksjonane vart fjerna.

(©NPK)

Publisert: 28.02.2022 09:57

Sist oppdatert: 28.02.2022 09:59

Mer om