Kort fortalt

Stor nedgang for Norsk Hydro

Kvartalstala likevel betre enn venta i utfordrande marknad

21.07.2023

Norsk Hydro hadde eit resultat før skatt på 6,9 milliardar kroner i andre kvartal i år. Det er ein nedgang frå 14,1 milliardar i same kvartal i fjor.

Det justerte brutto driftsresultatet til selskapet enda på 7,1 milliardar kroner, ned frå 11,6 milliardar kroner frå same periode i 2022.

Kvartalsresultatet er likevel betre enn det fleire analytikarar hadde venta på førehand. Ifølgje E24 , som viser til estimat henta inn av Bloomberg, var det venta eit justert bruttoresultat på 6,97 milliardar kroner.

Driftsinntektene enda på 53,6 milliardar kroner, ned frå 64,8 milliardar kroner i andre kvartal i fjor.

Svakare marknad
– Resultata reflekterer ein svakare marknad, men også effekten av det kontinuerlege forbetringsarbeidet i organisasjonen, seier konsernsjef Hilde Merete Aasheim i ei pressemelding.

I kvartalsrapporten sin skriv selskapet at resultatnedgangen kjem av lågare salsprisar på aluminiumar og alumina, men at noko av dette vart utlikna av positive valutaeffektar og lågare kostnader.

Dei peikar også på at etterspurnaden etter ekstruderte produkt i Europa og Nord-Amerika har gått vesentleg ned frå same kvartal i fjor.

Ukraina-krigen
Selskapet skriv at det gjer gode framsteg mot å oppnå samla forbetringar og kommersielle mål på 14 milliardar kroner innan 2027.

I kvartalsrapporten peikar Norsk Hydro også på at krigen i Ukraina skaper problem i marknaden. «På grunn av manglende sanksjoner fra EU blir russisk metall eksportert til Europa i stadig større omfang, noe som legger økt press på regionale produktpremier», heiter det i rapporten.

(©NPK)

Publisert: 21.07.2023 08:44

Sist oppdatert: 21.07.2023 09:32

Mer om