Kort fortalt

Stor pågang i reiselivet - for neste år

Utanlandske turistar vil utnytte billeg krone.

10.07.2023

NPK): Mange utanlandske turistar er allereie i gang med å bestille neste års noregsferie. Og dei vil betale for han no, medan den norske krona er svak.

– Det blir booka frå heile verda. Kronekursen betyr at alle som ikkje har den norske krona, får rabatt. Vi har amerikanarar som ringjer og vil kome neste år, men dei vil betale no, fortel prosjektdirektør i Norwegian Hospitality Group Thor Filip Halvorsen til NRK.

Dagleg leiar i Telemarkskanalen Janne Lindgren fortel at utanlandske turoperatørar generelt er meir på ballen no etter koronapandemien, men også på grunn av kronekursen.

– Eg vil tru den låge kronekursen både påverkar nordmenn til å feriere meir heime og får utanlandske turistar til å kome til Noreg, seier Lindgren.

Reiselivsdirektør i Visit Norway, Aase Marthe J. Horrigmo trur kombinasjonen høg reiselyst og låg kronekurs slår heldig ut for turismen her i landet.

– For dei som ønskjer billig ferie, er Noreg framleis dyrt. For dei som over tid har hatt lyst å reise til Noreg, er kronekursen no kanskje det som avgjer at dei tek den ferien i år, seier ho.

(©NPK)

Publisert: 10.07.2023 12:11

Sist oppdatert: 10.07.2023 12:11

Mer om