Kort fortalt

Stor svindelsak

45.000 nordmenn blir bedne om å sperre bankkortet.

02.11.2016
(NPK-NTB): Kortselskapa ber 45.000 nordmenn om å sperre bankkorta sine etter bruk i ein utanlandsk nettbutikk. Anbefalinga kjem etter at ei større svindelsak brer om seg.
– Det er snakk om svindel for millionbeløp, så det er ei svært omfattande sak, seier kommunikasjonssjef Stein-Arne Tjore i Nets til .
Selskapet er leverandør av digitale betalingstenester i Norden og har gjort ein større analysejobb dei siste dagane etter at det i førre veke blei kjent at fleire nordmenn kan vere utsette for svindel.
Korta som har fått sperreanbefaling, er brukt i den same utanlandske nettbutikken. Nets ønsker ikkje å seie kva for ein nettbutikk det gjeld.
– Det har vi ikkje lov til, for det er ikkje vår rolle å undersøkje kva som kan ha skjedd. I slike tilfelle må vi berre orientere dei internasjonale kortselskapa, slik at dei kan gjennomføre nødvendige undersøkingar i saka, seier Tjore.
Dei fleste av korta som Nets no anbefaler sperra, er ikkje blitt misbrukte, men anbefalinga er eit preventivt tiltak. (©NPK)

Publisert: 02.11.2016 15:21

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:43