Den samla vareeksporten enda på 97,9 milliardar kroner i juni, heile 70,7 prosent meir enn i juni i fjor, ifølgje tal frå SSB.
Dette er den tredje høgaste verdien som er målt i ein enkeltmånad, opplyser Statistisk sentralbyrå (SSB).
Råolje-, naturgass- og fastlandseksporten bidrog til auken.
I juni vart det eksportert råolje for 26,8 milliardar kroner, ein auke på heile 76,1 prosent frå same tid i fjor. Oppgangen kjem hovudsakleg av høgare pris.
Prisen på naturgass var dessutan historisk høg. Verdien av naturgasseksporten enda på nesten 22 milliardar kroner i juni, nesten ei firedobling frå juni i fjor då prisane var ekstremt låge.
Handelsoverskotet var på 25 milliardar kroner i juni.
Publisert: 09.07.2021 11:37
Sist oppdatert: 09.07.2021 11:38