Kort fortalt

Reduserte maksgrensa i koronastøtte

Kan gi mindre til dei store.

24.02.2021

Dei store bedriftene kan få mindre i koronastøtte etter at regjeringa fekk støtte i Stortinget til å redusere maksgrensa for støtte til dei største bedriftene.

Den siste krisepakken som vart vedteken tysdag har éi viktig endring: Regjeringa har no fullmakt til å senke maksgrensa for kor mykje pengar dei aller største selskapa kan få, skriv Klassekampen.

– I starten var alt veldig uvisst, og det prega oss litt. No ser vi at det er fornuftig å justere ned, seier Frps parlamentariske leiar Hans Andreas Limi til avisa.

Fullmakta gjer at regjeringa kan senke maksgrensa for støtte frå 80 til 50 millionar kroner i månaden. Det betyr at dei aller største konserna får opp til 5 millionar kroner mindre frå staten kvar månad viss regjeringa vel å bruke fullmakta.

Medan Limi har tiltru til at regjeringa vil nytte moglegheita sidan signala frå Stortinget er tydelege på at dette er ønskt, er SVs finanspolitiske talsperson Kari Elisabeth Kaski meir skeptisk.

– Eg trur det er eit spel for galleriet, og at det handlar i større grad om å gi inntrykk av at dei tek kritikken på alvor og at dei er opptekne av å senke taket, seier ho.

Klassekampen har tidlegare dokumentert at dei større konserna som får aller mest pengar, får tre gonger meir per arbeidsplass enn resten av bedriftene.

Publisert: 24.02.2021 08:03

Sist oppdatert: 24.02.2021 08:05