Kort fortalt

Store genetiske endringar på villaks

Kan få store konsekvensar for laksebestanden.

15.01.2024

(NPK-NTB): Rømd oppdrettslaks har i stor grad kryssa seg inn i mange ville laksebestandar. Det kan få store konsekvensar for laksebestanden, viser ein ny rapport.

Norsk institutt for naturforsking (NINA) og Havforskingsinstituttet (HI) har sett på genetiske endringar i 250 laksebestandar. Til saman representerer desse 95 prosent av all villaks i Noreg, melder NRK.

Rapporten viser at det i 31 prosent av bestandane er funne store genetiske endringar.

– Konsekvensane for villaksen er at kryssing med oppdrettslaks gjer dei dårlegare tilpassa naturen. Me har gjort fleire eksperiment, og funne ut at avkom av oppdrettslaks stort sett overlever dårlegare, seier Kjetil Hindar, seniorforskar i NINA.

– Me har også sett at dei forandrar eigenskapar – dei veks fortare i ferskvatn og går yngre ut i sjøen. Og dei veks fortare i havet og kjem yngre tilbake til elvane. Heile livet går litt fortare, og han kjem tilbake til elvane som ein litt mindre laks enn villaksen, seier han.

Hindar meiner at viss villaksen skal ha noka framtid, så må oppdrett av laks i framtida basera seg på lukka teknologi.

– Villaksen har mange andre truslar. At han blir genetisk dårlegare tilpassa er med på å gjera situasjonen endå verre. Over tid vil det føra til færre laks, seier han.

(©NPK)

Publisert: 15.01.2024 10:03

Sist oppdatert: 15.01.2024 10:03

Mer om