Kort fortalt

Store kjønnsforskjellar i sjukefråvær

Kvinner dobbelt så høgt som menn.

28.11.2019
NPK-NTB: Det viser undersøkingar. Graviditet og barn blir trekt fram som ei av årsakene, men det forklarer ikkje alt.
– Analysane våre viser at kjønnsforskjellane i sjukefråvær faktisk har auka sidan 1990-talet. Vi veit ein del om kva som forårsakar desse kjønnsforskjellane, men kan ikkje seie sikkert kvifor forskjellane held fram med å auke, seier forskar Marte Strøm.
Ho og forskar Sara Cools frå har analysert dei ferskaste tala for sjukefråværet i Noreg, som er tal frå 2015.
Resultatet viser at det gjennomsnittlege sjukefråværet til kvinner ligg på 16 dagar i året, mot 8 dagar for menn. Eigenmeldingar og kortare legemelde fråvær blir ikkje rekna med.
Undersøkingane viser òg at kjønnsforskjellane er størst blant arbeidstakarar i slutten av 20-åra og byrjinga av 30-åra.
– Graviditet kan forklare 19 prosent av kjønnsforskjellane i sjukefråværet i befolkninga, seier Strøm.
Kjønnsforskjellane er òg store i fråvær etter sjølve graviditeten, og kvinner er gjennomsnittleg borte frå jobb to dagar meir enn menn i åra etter at dei får barn.
Bransjane med høgast sjukemeldingsprosent blant kvinner er helse- og sosialtenester, og dessutan undervisning. Blant menn er det bransjar som transport og lager, i tillegg til bygg- og anleggsverksemd der sjukefråværet er høgast.

Publisert: 28.11.2019 15:43

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:31