Kort fortalt

Store tap for Hurtigruten

Tapte over 600 millionar kroner i første kvartal,

28.05.2022

Hurtigruta merkar framleis effektane av koronapandemien og tapte over 60 millionar euro, vel 610 millionar kroner, i første kvartal.

Hurtigruta melder om eit tap på 37,1 millionar euro på drifta i reiarlaget i første kvartal. Vidare opplyser styret om eit tap på 23,5 millionar euro i finanskostnader.

– Netto tap i første kvartal var 60,2 millionar euro, samanlikna med eit tap på 56,5 millionar i same kvartal i fjor, skriv selskapet i kvartalsrapporten.

Sidan starten på 2020 har reiarlaget tapt over 5 milliardar kroner, skriv E24. Hurtigruten tapte i fjor 273,9 millionar euro, tilsvarande rundt 2,79 milliardar kroner. Året før var tapet på 1,7 milliardar kroner.

Med pandemien på hell ser leiinga no optimistisk på framtida. Reiarlaget nesten tredobla inntektene frå same periode i fjor, frå 36 millionar til 97 millionar.

– Første kvartal 2022 var framleis sterkt påverka av pandemien, men landa i kjernemarknadene våre og reisemåla våre bevega seg nærare ein normalitet, seier administrerande direktør Daniel Skjeldam i Hurtigruten Group i ei børsmelding.

Selskapet skriv at salet per mai er 4 prosent høgare enn på same tid i 2019, før pandemien.

Publisert: 28.05.2022 11:18

Sist oppdatert: 28.05.2022 11:20

Mer om