Produksjon av marine grunnkart i kystsona vil vere ei særs lønnsam investering for samfunnet, meiner Kartverket, Noregs geologiske undersøking (NGU) og Havforskingsinstituttet, som no har fullført eit treårig pilotprosjekt.
Dei tre etatane har no levert eit forslag til regjeringa om å gjennomføre Marine grunnkart i kystsona som eit nasjonalt program frå 2023. Satsinga er kostnadsberekna til 4,8 milliardar kroner.
– Det er eit enormt potensial for berekraftig verdiskaping og sysselsetjing langs kysten ved realisere eit nasjonalt program, seier kartverkssjef Johnny Welle.
Forslaget byggjer på dei positive erfaringane Kartverket, NGU og Havforskingsinstituttet har hausta i pilotområda Stavanger, Ålesund/Giske og Skjervøy/Kvænangen dei siste tre åra. Kartverket har kartlagt topografi og djupneforhold, medan NGU og Havforskingsinstituttet samla data om geologi og biologi i desse områda.
I pilotprosjektet har etatane også samarbeidd om å ta i bruk ny kartleggingsteknologi ved hjelp av fly, dronar og ubemanna farkostar på sjøen.
Dataa kan nyttast til å sikre gyteområde og fiskefelt, stimulere til innovasjon og bruk av ny teknologi i fiskeria og å utvikle næringsaktivitet knytt til tang og tare og andre artar i havet. Ikkje minst kan dei marine grunnkarta forbetre arealplanlegginga langs kysten.
– Dette gir grunnlag for betre miljø- og ressursforvalting og eit solid kunnskapsgrunnlag for god forvalting av økosystem, miljø og ressursar, seier direktør Sissel Rogne i Havforskingsinstituttet.
Dei fem første åra reknar etatane med å kunne kartleggje rundt ein tidel av kysten.
<p>(©NPK)</p>
Publisert: 19.11.2021 10:32
Sist oppdatert: 19.11.2021 10:32