Kort fortalt

Storsatsing på ubemanna fartøy

Solstad Offshore, Østensjø og DeepOcean inngår samarbeid.

15.06.2022

Dei tre selskapa har etablert eit JV (joint venture) for å utvikle fjernstyrte offshoretenester, vert det opplyst i ei børsmelding.

Eitt av dei felles selskapa er Remota, som skal eige og drive landbaserte tenester for fjernstyrte operasjonar. Det andre selskapet skal utvikle, eige og drive ubemanna fartøy.

I børsmeldinga vert det opplyst at dette er svaret på behovet på å få ned kostnader samstundes som ein får redusert utsleppa i offshoreindustrien.

Dei tre selskapa skal eige 33,3 prosent kvar.

Publisert: 15.06.2022 11:49

Sist oppdatert: 15.06.2022 11:50

Mer om