Kort fortalt

Stort konkursfall

Kraftig nedgang i tredje kvartal.

27.10.2021

Det vart opna 660 konkursar i tredje kvartal. Det er ein nedgang på 17,5 prosent samanlikna med same periode i fjor.

Målt i mengd var nedgangen på 140 konkursar, viser tal frå Statistisk sentralbyrå.

Den største prosentvise nedgangen kom i Troms og Finnmark med 38 prosent færre konkursar.

Det var flest konkursar innan byggje- og anleggsverksemd i tredje kvartal. 155 bedrifter og 47 enkeltpersonføretak gjekk konkurs innan denne næringa i juli, august og september.

Publisert: 27.10.2021 11:56

Sist oppdatert: 27.10.2021 11:57