Personar som reiste med fly på laurdag kveld til Ålesund flyplass treng ikkje å vere bekymra. Vanlege råd skal følgast, at det er kun personar som har symptom som skal kontakte fastlegen eller legevakta.
Av omsyn til stor pågang på Ålesund legevakt ber ein folk om å respektere råda som blir gitt.
Det opplyser Ålesund kommune i ei pressemelding torsdag.
Bakgrunnen er at Kommuneoverlegen i Ålesund har fått stadfesta at ein person som vi har testa for koronavirus har testa positivt. Denne pasienten har vore ein del av eit reisefølge som har vore på reise i Nord Italia.
To i reisefylgjet vart sjuke då dei kom til Oslo sist helg. Det var mistanke om Koronasmitte og det vart tatt kontakt med Oslo legevakt for vurdering og testing. Vedkomande skulle vidare til Ålesund. Då han var symptomfri, fekk han klarsignal til å reise til Ålesund med fly laurdag kveld.
Umiddelbart etter ankomst Ålesund fekk han beskjed om å gå i heimekarantene, blir det opplyst.
Kommunen opplyser også følgjande:
Testen er rutinemessig sendt også til Folkehelseinstituttet. Med bakgrunn av positivt resultat frå Molde, går kommunen no ut med resultatet.

- Først måndag kveld 2/3 fekk vedkomande symptom og tok kontakt med legevakta for å bli undersøkt og testa. Vedkommande fekk då full isolasjon.
- Vedkomande fekk avtale om testing tysdag 3/3.
- Lege og sjukepleier reiste heim til pasienten for å teste.
- I går 4/3 fekk vi melding om positiv prøve frå Mikrobiologisk avdeling i Molde.
Testen er rutinemessig sendt også til Folkehelseinstituttet. Med bakgrunn av positivt resultat frå Molde, går kommunen no ut med resultatet.
Publisert: 05.03.2020 15:12
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:29