Kort fortalt

Stort minus for næringsteftvinnar

Brøytestikkeselskap har fått friske pengar.

Marius Rosbach
12.07.2023

Tingvoll-selskapet Roadtech har levert eit rekneskap som viser eit underskot før skatt på drygt 6,3 millionar kroner etter fjoråret.

Inntektene i 2022 stoppa på 3,9 millionar, medan kostnadane kom opp i nær ti millionar kroner (sjå tabell under).

Selskapet som vann Sparebanken Møre sin næringsteftkonkurranse i 2018/19, er framleis i ein utviklingsfase. Roadtech jobbar samtidig med å utvikle ei vaskeeining som skal inn i same konteiner som brøytestikkene, i samarbeid med Innovasjon Norge.

Det er tilført ny kapital på tre millionar kroner i 2023, og det er planar om å hente inn meir kapital, skriv styret i årsrapporten.

I årsrapporten går det fram at entreprenørar ønsker «all inklusive»-løysingar, der selskapet tek heile prosessen med å sette ut brøytestikker.

Det er positivt fordi det gir tilgang til ein større verdikjede, men negativt på det viset at det binder opp meir kapital, påpeiker leiinga i rapporten.

Tal i millionar NOK



Roadtech As



2022
2021
Driftsinntekter
3,9
8,3
Driftsresultat
-5,9
0,2
Resultat før skatt
-6,36
-0,05

Publisert: 12.07.2023 12:19

Sist oppdatert: 12.07.2023 12:20

Mer om