(NPK-NTB): Aker BP har gjort eit stort oljefunn i Yggdrasil-området i Nordsjøen, opplyser selskapet i ei børsmelding.
Volumet som kan hentast ut, blir estimert til å vere på mellom 96–134 millionar fat oljeekvivalentar, skriv Aker i børsmeldinga.
– Omega Alfa er blant dei største kommersielle funna i Noreg det siste tiåret. Det byggjer på momentumet frå oljefunnet ved Aust Frigg i 2023, og det markerer eit stort steg mot ambisjonen vår om å produsere over éin milliard fat i Yggdrasil-området, seier Aker BPs konsernsjef Karl Johnny Hersvik i meldinga.
Funnet er gjort gjennom ein leitekampanje med fem mål Omega, Alfa, Alfa Sør, Sigma Nordøst og Pi.
Aker melde i juli inn eit førebels funn på 20–40 millionar fat oljeekvivalentar frå to andre mål i leitekampanjen.
Nye utbyggingar som Yggdrasil, har vorte møtte med skarp kritikk frå miljøorganisasjonar, skriv E24. Dei har fått støtte frå Efta-domstolen.
(©NPK)
Publisert: 21.08.2025 08:41
Sist oppdatert: 21.08.2025 08:41





