Eit stort smitteutbrot i Sande er knytt til Myklebust Verft, skriv lokalavisa Vestlandsnytt.
Dei 25 som er registrert smitta av covid-19 er arbeidarar på Myklebust Verft, arbeider for underleverandørar på området eller er husstandsmedlemmer av dei smitta.
Verftsdirektør Inge Jonny Hide seier til avisa at ein har gjennomført 350 hurtigtastar denne veka. Dei som har gitt utslag, er sende vidare ti PCR-test hos kommunen. Dei med smitte er isolerte eller sette i karantene.
Publisert: 02.10.2021 04:27
Sist oppdatert: 02.10.2021 04:33