Kort fortalt
Stort tap for Hurtigruten
Bestillingane tek seg opp.
27.05.2021
Hurtigruten hadde eit tap før skatt på 56 millionar euro i første kvartal i år. Det svarer til rundt 540 millionar kroner.
Ifølgje E24 var resultatet før skatt i fjorårets første kvartal minus 27 millionar euro.
Ifølgje kvartalsrapporten har bestillingane for andre halvår byrja å ta seg opp den siste månaden. For perioden ligg dei no på 62 prosent av det som blir bestilt i eit normalår.
Den norske verksemda til Hurtigruten er venta å vere tilbake i normal drift i juli. For ekspedisjonar er det venta ei gradvis opptrapping av drifta i juli.
Publisert: 27.05.2021 22:00
Sist oppdatert: 27.05.2021 22:01